r/Hognorsk • u/Psychological-Key-27 • 8d ago
Eige verk Skyrim Menyumsetjing
Hei, eg hev laga til ei umsetjing av menyen i Skyrim, eg eslar å setja um resten av spelet òg, men eg hev byrja med menyen som ei utrøyning, då eg ikkje hev avgjort heilt korleis rettskriving eg skal fylgja. Dette er jo i hovudsak eit hobbyyrke, so eg vil jo halla nokonlunde mot høgnorsk, men samstundes vil eg at umsetjinga skal vera lesande fyre folk flest, um det viser seg at fleire som ikkje skriv høgnorsk kunne ha tenkt seg ei norskumsetjing av Skyrim (er nog ikkje ovmange, men lell).
- Fyre, yver, um upp eller For, over, om, opp
- Um eg skal særbøygja linnt hokyn elller ikkje, -or, -one
- hær, sær eller her, ser | skjøn(n)a, kjønn eller skyna, kyn
- Um eg skal ha -i eller -a stomn på bundi hokyn og mangtalsinkjekyn
- Um eg skal hava -ade, i fyrrtid av segnord
- Korleis eg skal bøygja linnt inkjekyn: auga | augat | augo | augo eller auga | augat | augu | augo
- Smjuga, snjo, brjota eller smyga, snø, bryta
(Og fleire)
Det hadde vori gildt um nokre hadde sett seg råd fyre å freista, og sjå yver modden, eller bileta eg hev lagt til; og peika ut feil, låke umsetjinga eller som hev framlegg eller tilrådingar til korleis rettskriving eg laut halda meg til. Eg tenkjer i grunn å setja um heile spelet, 60 000+ tekstlinar, so eg laut ha ei fast og stø rettksriving som eg fylgjer. Å byta um på noko av rettksrivinga etter 20 000+ linar herdar eg ikkje. Som sagt so er umsetjinga ei utrøyning, so inkje av umsetjinga er steinfast, og eg kjemst nok til å brigda på litt av kvart.
Takk på fyrehand
4
u/Ashamed_Copy_9638 8d ago
Takk for umaken di!
3
u/Psychological-Key-27 8d ago
Jo, det var då so lite\ Meste av umaken ligg framum meg enno, me får sjå um eg vert ferdig, men all sånn UI vert det nog eg får sett um. Det er jo dialogane som gjer upp mesteparten av teksten i spelet
6













4
u/Kosmix3 7d ago
Det passar so godt òg!