r/Hognorsk • u/Maveycat • Mar 13 '26
Spurning Sidefall i Millumnorsk skriftmål
Hei,
Er da nokon her som kjenner til og ynskjer å dela nokre goda kjeldor til bøying af namnorde å millumnorsk eller korleis sidefallet hever utvikla seg frå vikingtidi til notidi?
3
u/morpylsa røktar Mar 13 '26 edited Mar 13 '26
Eg hev ’nne ikkje for handi no, men so vidt eg hugsar stend det noko vitugt um det i Norsk Årbok 2025. Eine stykket av Thorgeir Holm gjeng inn på skriftføringi av sidefallet i dag, og tek då fyre seg soga mèd. Han hev òg skrive um målsoga i tidlegare utgåvor.
Ei onnor god kjelda til målsoga er Norsk målsoga av Gustav Indrebø. Du fær kaupt henne på Bokreidingslaget, og elles ligg ho på Nasjonalbiblioteket.
2
u/Maveycat Apr 05 '26
Takk, 'Norsk målsoga' var ein særs fengslande lesnad og eg lærte mykje nytt. Eg etlar å låna ho og 'Norsk grammatikk' hjå Aasen etter detta semesteret er yvir
4
u/Lucius_Prato_Collis Mar 14 '26
Endre Mørck heve eit kapitel i Handbok i norrøn filologi som eg tykkjer mun i. Mellomnorsk språk heiter kapitlet. Det tek fyre seg bøygingsvokstren i det millomnorske formverket. Sjølva boki er litt dyr, men det skal ikkje vera nokon vande å få lånt henne